Hopp til innhald

If You Want Blood You've Got It

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
If You Want Blood You've Got It
Konsertalbum av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 13. oktober 1978
Innspelt 30. april 1978
Spelestad The Apollo (Glasgow)
Sjanger
Lengd 52:42
Selskap
Produsent
AC/DC-kronologi 
Powerage
(1978)
If You Want Blood You've Got It Highway to Hell
(1979)


Singlar frå If You Want Blood
  1. «Whole Lotta Rosie (Live)»
    Utgjeve: October 1978[1]

If You Want Blood You've Got It (ofte skriven som berre If You Want Blood) er det første konsertalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, og det einaste konsertalbumet deira med Bon Scott som solovokalist. Det vart opphavleg gitt ut i Storbritannia og Europa den 13. oktober 1978, i USA den 21. november 1978 og i Australia den 27. november 1978.[2] Albumet vart gitt ut på nytt i 1994 på Atco Records og i 2003 som ein del av serien AC/DC Remasters.[3]

Albumet vart gitt ut seks månader etter det førre studioalbumet deira, Powerage. Det hadde vore planlagt ei samleplate 12 of the Best, men prosjektet vart skrinlagt til fordel for eit konsertalbum. Det vart spelt inn under Powerage-turneen i 1978 og inneheld songar frå T.N.T., Dirty Deeds Done Dirt Cheap, Let There Be Rock og Powerage. Det er det siste AC/DC-albumet frå Bon Scott-æraen produsert av Harry Vanda og George Young, som òg produserte dei fem første studioutgivingane deira.[4]

I Bon Scott sine memoarar Highway to Hell frå 1994 noterer forfattaren Clinton Walker: «Konsertalbum, som gjerne var doble eller triple sett der låtar som var korte i studioversjonane vart strekt ut til ein lang keisamheit, var av ein eller annan grunn populære på syttitalet. If You Want Blood reverserte denne tradisjonen ... det skrytte av ti spor og, utan å tillata noko uvedkomande, gjekk rett på sak, nemleg rasande AC/DC-rock and roll.»[5]

Ein konsert på Apollo Theatre i Glasgow i Skottland 30. april 1978 vart brukt til live-sporet. Det har aldri vorte stadfesta om nokre andre spor frå turneen òg vart brukte. Konserten blir òg hugsa for ekstranummeret, då AC/DC kom attende på scena kledd i skotske fotballdrakter som ei hyllest til heimlandet til Scott og Young-brørne.[6]

« «Denne konserten oppsummerte det som gjorde AC/DC så spesielle live: energien, kontakten med publikum og måten dei enkle, men klassiske låtane fekk eit nytt liv. Du høyrer alt dette på If You Want Blood. Det er ei flott påminning om kor eineståande bandet og fansen var den kvelden.» - Tom Russell, DJ[7] »

.

«Dog Eat Dog», som vart framført på kvelden, vart fjerna frå albumutgivinga, medan ekstranummeret - «Fling Thing/Rocker» - vart redigerte, der «Fling Thing» vart fjerna og Angus sin utvida solo, der han gjekk rundt blant publikum (med ein tidleg versjon av ein trådlaus gitarleidning), vart klipt bort. Denne delen av konsertteateret til bandet akkompagnerte seinare «Let There Be Rock»; «Rocker» har berre vorte framført nokre få gonger sidan Bon Scott gjekk bort i 1980. Live-utgåva av «Dog Eat Dog» vart gitt ut som B-side til singelen «Whole Lotta Rosie» i 1978, men berre i Australia. Den vart gitt ut på nytt i 2009 på den verdsomspennande CD-boksen Backtrack med to (standard) og tre (samleutgåve) CD-ar, med berre australske låtar som ikkje vart gitt ut internasjonalt på det tidspunktet, og live b-sider frå 7"- og 12"-singlar. Ekstranummera «Fling Thing» og «Rocker» (med ein komplett gitarsolo) dukka berre opp på eit nederlandsk TV-stasjonsopptak av konserten, men vart seinare gitt ut på DVD-en Family Jewels.

Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll frå 2006 var albumtittelen ei forlenging av svaret til Scott - på Day on the Green-festivalen i juli 1978 - då ein journalist spurde kva dei kunne forventa seg av bandet. Vokalisten svarte: «Blood.» Coveret er frå ei fotografering med Atlantic Records-fotografen Jim Houghton før ein konsert på Paradise Theater i Boston, og ideen kom frå kunstnarisk leiar i Atlantic, Bob Defrin.

Låten «If You Want Blood (You've Got It)» dukka opp på det neste albumet, gjennombrotet til bandet på dei amerikanske hitlistene, Highway to Hell.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[8]
Blender5/5 stars[9]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[10]
Spin Alternative Record Guide5/10[11]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[12]

Albumet blir ofte rekna som eit av dei beste konsertalbuma i historia. I eit intervju med Metal Hammer i 1992, i samband med det andre konsertalbumet deira, innrømde Malcolm Young: «Personleg føretrekkjer eg framleis det gamle albumet. Me var unge, friske, vitale og sparka ræva av deg.»[13] Greg Prato frå AllMusic noterer: «Medan dei fleste andre rockeband på den tida var opptekne med å eksperimentera med disco eller laga studio-perfeksjonerte epos, var AC/DC eit av dei få som spesialiserte seg på rå og bluesaktig hardrock, noko som kjem fram av livesettet If You Want Blood You've Got It frå 1978.»[14] Eduardo Rivadavia frå Ultimate Classic Rock var begeistra: «Andre konsertplater har kanskje fleire songar, fleire topp 40-hits eller endå fleire publikumsvenlege knep. Men svært få kan utfordra den reine spenninga og fandenivaldske laussluppenheita som er fanga på det fantastiske konsertdokumentet til AC/DC.» Albumet vart lista som nr. 2 på magasinet Classic Rock si lesaravstemming over «50 beste konsertalbum gjennom tidene».[15] Carlo Twist i magasinet Blender lovprisa albumet og sa at «Dei var alltid eit mektig liveband, og dette er lyden av AC/DC i Europa like før gjennombrotet i USA i 1979. Publikumshysteriet skjer regelmessig gjennom forsterkarane når dei hyler med på vokalist Bon Scott si forteljing om seksuelt overførbare sjukdommar ('The Jack') og punkterer gitarist Angus Young si stakkato-riffing på 'Whole Lotta Rosie'. Førestill deg ein pønk-rockande Chuck Berry spelt på naseblod-volum.»[16]

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]

Heile Glasgow-konserten vart filma, men det komplette materialet har aldri vorte gitt ut. Etter kvart vart segmenta «Riff Raff» og «Fling Thing/Rocker» gjort tilgjengeleg på DVD-en AC/DC Family Jewels, gitt ut i 2005. Det vart òg brukt videomateriale frå konserten på Family Jewels med lydsporet «Rock 'n' Roll Damnation» frå studioversjonen. Delar av konserten (låtane «Rock 'n' Roll Damnation», «Dog Eat Dog» og «Let There Be Rock») vart gjord tilgjengeleg på DVD-en Plug Me In, gitt ut i 2007. «Bad Boy Boogie» vart inkludert på bonusdisken på tre-platers-utgåva av Plug Me In.[17]

Alle songar er skrivne av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Riff Raff» (frå Powerage)5:59
2.«Hell Ain't a Bad Place to Be» (frå Let There Be Rock)4:10
3.«Bad Boy Boogie» (frå Let There Be Rock)7:29
4.«The Jack» (frå T.N.T.)5:48
5.«Problem Child» (frå Dirty Deeds Done Dirt Cheap)4:40
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Whole Lotta Rosie» (frå Let There Be Rock)4:05
7.«Rock 'n' Roll Damnation» (frå Powerage)3:41
8.«High Voltage» (frå T.N.T.)5:05
9.«Let There Be Rock» (frå Let There Be Rock)8:33
10.«Rocker» (frå T.N.T.)3:24
Total lengd:52:44

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[18] 3× Platina 210 000^
Frankrike (SNEP)[19] Gull 100 000*
Tyskland (BVMI)[20] Platina 500 000^
Spania(PROMUSICAE)[21] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[22] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[23] Gull 100 000^
USA (RIAA)[24] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 3. ISBN 9780862415419. 
  2. «AC/DC - If You Want Blood You've Got It (Vinyl, Australia, 1978) For Sale | Discogs». www.discogs.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2023. Henta 28. mai 2023. 
  3. «20 Remastered US CD releases (AC/DC) part4 2003 REMASTERS». stason.org. Arkivert frå originalen 17. august 2021. Henta 28. mai 2023. 
  4. Kreps, Daniel (23. oktober 2017). «George Young, Easybeats Guitarist and AC/DC Produsent, Dead at 70». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. april 2022. Henta 28. mai 2023. 
  5. «How AC/DC Elevated Their Career With the Live 'If You Want Blood, You've Got It'». Ultimate Classic Rock. Arkivert frå originalen 18. april 2016. Henta 28. mai 2023. 
  6. «Insight: Scotland's greatest ever rock band '“ we salute you». www.scotsman.com. 6. august 2017. Arkivert frå originalen 28. mai 2023. Henta 28. mai 2023. 
  7. {«Konsertalbum». Classic Rock supplement: The Live Albums That Changed The World: 17. December 2011. 
  8. Prato, Greg. «If You Want Blood You've Got It - AC/DC». AllMusic. Arkivert frå originalen 12. mai 2020. Henta 4. februar 2020. 
  9. Twist, Carlo. «If You Want Blood You've Got It». Blender. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. Henta 4. februar 2020. 
  10. «AC/DC: Album Guide». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 8. mars 2012. Henta 4. februar 2020. 
  11. Weisbard, Eric; Marks, Craig (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. ISBN 1841955515. 
  12. C. Strong, Martin (2002). Encyclopedia of Popular Music. Canongate. ISBN 1852279230. 
  13. Elliottpublished, Paul (10. desember 2021). «AC/DC: the long road to Glasgow and the triumph of If You Want Blood You've Got It». loudersound. Arkivert frå originalen 11. desember 2021. Henta 28. mai 2023. 
  14. «If You Want Blood You've Got It - AC/DC | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Arkivert frå originalen 9. mai 2017. Henta 23. april 2017. 
  15. {«Rocklist.net...Steve Parker...Classic Rock Lists». Rocklistmusic.co.uk. Arkivert frå originalen 20. mars 2013. Henta 24. februar 2012. 
  16. {Twist, Carlo. «If You Want Blood You've Got It». Blender. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. 
  17. {«AC/DC - Plug Me In Album Reviews, Songs & More | AllMusic». Allmusic. Arkivert frå originalen 24. august 2021. Henta 28. mai 2023. 
  18. «ARIA Charts – Accreditations – 2013 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  19. «French album salstrofé – AC/DC – If You Want Blood You've Got It» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  20. «Gold-/Platin-Datenbank (AC/DC; 'If You Want Blood')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  21. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 953. ISBN 84-8048-639-2. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2021. Henta 23. august 2019. 
  22. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (AC/DC; 'If you want blood')». Hung Medien. 
  23. «British album salstrofé – AC/DC – If You Want Blood You've Got It». British Phonographic Industry.  Enter If You Want Blood You've Got It in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  24. «American album salstrofé – AC/DC – If You Want Blood You've Got It». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH